Fløgstad, Kjartan
Viser alle 6 resultater
-
Nordaustpassasjen: Roman
Forfatter: Fløgstad, KjartanNordaustpassasjen: Roman.
Gyldendal, Oslo 2012, 8vo, orig. bind med omslag, 425 s.
«Spania under borgarkrigen. Demokratiet er på vikande front. I siste liten blir to smågutar evakuerte frå den tapande sida. Ein av dei hamnar i Sovjetsamveldet, den andre i Mexico. Same utgangspunkt, to ulike livsløp. Det eine fører gjennom Russland til Sibir og ned Jenisej til Norilsk ved kanten av Ishavet. Det andre inn mellom Mexicos snøkledde vulkanar. Kvar er dei i dag, to mannsaldrar seinare? Kven er forteljaren, og kva veit han om samfunnet vi vaknar til i morgon? Nordaustpassasjen er ein roman om livsvegar, sjøvegar og utvegar […]» — fra bakomslaget
-
Eld og vatn: Nordmenn i Sør-Amerika
Forfatter: Fløgstad, KjartanEld og vatn: Nordmenn i Sør-Amerika.
Universitetsforlaget, Oslo 1999, 2. opplag, stor 8vo, orig. bind med omslag, 360 s., fotoplansjer.
«Den som reiser langt, kjem ofte til kort. Det har mange norske utvandrarar i Sør-Amerika fått erfara. Her er historiene deira. Sjølv om talet på norske emigrantar er ubetydeleg, er livshistoriene bak den usynlege statistikken ofte eventyrlege. Til USA utvandra folk i lag. Ein og ein stakk av til Sør-Amerika. Motiva bak utvandringa var samansette. Mange av emigrantane var klassiske globetrottarar som søkte lykka på eiga hand i det sørlege Amerika. Ofte dreia det seg også om flukt. Utvandringa var siste utveg bort frå uløyselege konfliktar i heimlandet.» — fra bakomslaget
-
Fimbul: Roman
Forfatter: Fløgstad, KjartanFimbul: Roman.
Gyldendal, Oslo 1994, 8vo, orig. bind med omslag, 297 s., 1 cm rift øverst i bakomslaget.
«Bålet ute i skogen får vi ikkje fyr på. Bønene kan ingen av oss seia fram utan å skjemmast. Den rette staden i skogen kjenner vi ikkje lenger. Vi kan ikkje eingong fortelja soga om korleis alt saman blei gjort, og få utretta det vi vil på den måten. Men kanskje kan vi skriva ned det vi har høyrt fortalt, slik at fortellinga forsvinn i skrift. Så kan vi krølla det utskrivne papiret saman, stikka det inn mellom veden, tenna på, blåsa til elden, og få fyr på bålet på ny.» — fra bakomslaget
-
Grand Manila: Roman
Forfatter: Fløgstad, KjartanGrand Manila: Roman.
Gyldendal, Oslo 2006, 8vo, orig. bind med omslag, 411 s., «Cappelens Bokklubb» på bakomslaget.
«Det måtte ha regna. Regnet hadde stått som spyd i bakken. Det hadde slutta. Det klårna opp. Skyene var borte, den lysande vesthimmelen. Ingen å sjå. Lydane. Og gassen, usynleg. Alt som er fast, skal løysa seg opp og kverva i den tomme luft. Elefantane. Vognene. Kabelen. Regnet, som gir seg. Og pengestraumen. Alle store formuer er resultat av eit stort brotsverk. Eller det er verre enn som så. Alle store brotsverk er resultat av ei stor formue. Sånn er det.» — fra bakomslaget
-
Kniven på strupen: Roman
Forfatter: Fløgstad, KjartanKniven på strupen: Roman.
Gyldendal, Oslo 1991, orig. bind med omslag, 280 s., lite forlagsstempel på forsatsbladet.
«Med sine halvopne auger og avskorne halsar låg dei kvite og skuldlause og utan kropp og stirte bedande på han. Han såg opp. Undersida av himmelen var sementert. Det dryppa blått frå den nylagde støypen. I skrått regn kryssa Bjørn Blakke parkeringsplassen og kjørte innover i mørkret. Det var som å lukka augo og sjå seg sjølv. Han hadde vore tilbake i hola. Dryppsteinsgrottene vi kjem frå. Han klarte å styra skjelvinga. Han hadde henta kølla. Han hadde svinga den. Steinalderen varte framleis. Menneskesinnet er den einaste urørte villmark.» — s. 20—21
-
Pampa Unión: Latinamerikanske reiser
Forfatter: Fløgstad, KjartanPampa Unión: Latinamerikanske reiser.
Gyldendal, Oslo 1994, 8vo, orig. bind med omslag, 194 + (1) s., bokklubbmerke på bakomslaget.
«Pampa Unión er ein kjærleikssong om og til Latin-Amerika. Denne reiseboka er som kontinentet sjølv rik på kontrastar. Lesaren blir med ned i gruvegangar under Stillehavet og opp til indianarbyar 4000 meter over havet. Her er storslåtte passasjar om fotball, tango, gudshus og horehus. Her finst lovsongar til diktarbroren Cortázar, mytopolen Buenos Aires, til maten, vinen og til kvinnene. Her finst også skildringar av ei blodig forhistorie og nådelaus utbytting. Kjartan Fløgstad har besøkt Latin-Amerika fleire gonger i tre tiår. Denne boka er skriven under og etter eit opphald på kontinentet sist vinter og vår.» — fra bakomslaget